av | januar 21, 2007  

Vinter

Ja, vinter det kan saktens vera
mangt i landet vårt,
med storm og råk utover
skjer og skuter,
med is på dekkk og vind mot kinn.
Men stundum er det roleg ver,
og bølgjer rullar småfint
in mot stranda.
I lia er det snøkvitt
opp til natur.

Ja, vinter det kan vera snø ved
hus og voll,
med skispor ut over tun og
ut på bøen.
Og tenk deg opp mot høge fjell
der vidda ligger så kvit og fin.
Der kjenner du deg veik, men rik
i bringa.

Eit eventyr å setja Spor i snøen…

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | november 19, 2006  

På ski


Fast djup snø som berande underlag,
med to tommar laus snø på topp, er godt.
Eg glid over snøen med lange tak,
og går over myr og haugar i mak.
Ingen spor fra før, berre mine spor.
Det blinkar og glitrar i snøkrystall,
med engleglans på tre i tusental.

Her står bjørketre med gråkvit never på,
kvitrima småfuro med englehår.
Det glinsar i snø der sola kan nå.
Med ski og stavar eg ruslar og går.
Eg vert så lett og lukkeleg til sins,
her er vakkert, men eg teier litt still,
for ord eg vil prøve, strekk ikkje til..

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | oktober 14, 2006  

Mot kveld

For ein fin hustdag
mot kveld
renn elva stille og
speilblank.
Raude små kveldskyer
der sol
går bakom åskammen
demper lyset, men klargjer eit
haustglad
mangslunge fargeband
og gjev
meg ei varm glede
sjøl om
hausten glid over i
vinteren
ikkje så langt unna
i tid
og tid og fargar vil
skifte….

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | oktober 14, 2006  

Skodde

Eg føler dette vert ein dårleg dag,
og lite med liv og lyst.
Eg er i elendig slag,
litt nedfor og heller trist.

Det liknar korkje vinter eller vår,
grå skodde og lite sikt.
Det her er kje gode kår,
vert hugsjuk og lei av slikt

Men meisa der er vaken,
glad og kvikk.
Så livat ho kan ta seg te,
ho set seg og gjer eit nikk,
så flyr ho til neste tre-

I medan sturer eg som fugl i bur,
og lear knapt mine tær-
Men kanskje eg tek ein tur-?
Det ljosna litt inni her;)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | september 10, 2006  

Stille regn

Stille regn over eng og åkrar.
Det drypp så lett under blad og buskar,
små livgjevande blanke dråpar.
Spindelvev er pynta fint med vassblanke perler der insektjegrar går sundt og luskar.

Stille regn, doggfall over skogsbær der edderkopp nett har spunne.
Ein frosk er ute i storfint froskever.
Sjølv eg går og lagar spor på doggvåte vokstrar,
og fredfull kjensle det har eg funne.

Stille regn over blomeenger,
Men blomen lukkar seg i skodda.
Høyr fuglar syng, og brusar vengjer.
Sola gløtter fram, og damp frå vassmetta jordsmonn stig opp, for solstrålane jagar bort dogga..


 Sigurd Skår

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | juli 6, 2006  

Pulsslag

Har du stått under eit bølgjeblekkskur mens
regnet har tromma på tak
i bølgjande styrke med vinden sin pustande rytme,
og regndråpane klaskar mot jordgrunnen?

Har du stridt vaken og vàr i senga når regnet
har piska mot ruta.
Det ruskar og susar som pulsslag i bølgjande gange,
som andedrag i natta mot
ein ny dag?

Har du kjent kulde på ryggen ein gong når
kreftene jagar av garde,
men kan stundom mildne og vinke
i styrkjande varme,
og livsgneisten den vaknar
og du smiler?

Har du gått ute ein grytidleg dag,
og gått langsmed bekker
og myrer, sett dampen å
stige og kverve ifrå ei
regnvåt jord,
og blomstene opnar seg
i solvarmen?

Har du høyrt bølgjer som bryt imot skjer,
og småbølgjer skvulpe mot
stranda?
Og lyden frå bekken den bølgjer
i skiftande styrke med lattermild tone
i vindrytmen?

Har du sett skogen så mystisk og trolsk
der fuglar og dyr kan få leva?
Der bekkene klukkar
og brusar med vekslande styrke,
og fuglar syng og kvitrar,
men lytter du?

Har du kjent jorda
sin rytme og kraft?
O,menneske skam deg!
Du krigar.
Du forgiftar lufta
og vatnet.
Du kjenner nok ikkje
naturen sine pulsslag-
livspulsen.

Sigurd Skår

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | juli 3, 2006  

Vår i skogen

Eg smyg meg mellom trea
i li og grøne lund.
Eg stoggar der på mosen

og ser meg om ei stund.
Og skogen står og angar
i vår og stille fred,
og sola ser eg raud og fin
gå attom fjellet ned.

Eg set meg ned på mosen
og ser meg rundt i ring,
og tanken den får vengjer
og krinsar vidt ikring.
Eg husker farne tider
då eg åleine var
der mellom myr og haugar
og bjørk og furubar.

Eg er åleine ute
i vår og rik natur,
men likevel eg tykkjer
at tusen liv her bur.
Og rugda flyr og krinsar,
og kjenner seg so vel,
mens fuglar små dei kvitrar, -
i åsen gauken gjel.

Her vert dei tunger løyste
som taler i di sjel.
Her høyrest tonar stiga,
frå hjarta stig ditt spell.
Du ljøsnar opp i hugen,
du blir så lett på tå
Her vert det vonde jaga,
det kan deg ikkje nå.    

 Sigurd Skår

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | juli 2, 2006  

Siste ferd

Besta var så skral og sjuk,
om ei tid ho andas ut.
Dei bredde over ho ein duk,

så rart det var for liten gut.

Så kom dagen kledd til fest.
Kista surrast til ei vogn,
ho vart dregen av ein hest,
og hjula gnigsa utan tong.

Liten gut han sat så mutt,
vogna song sin eigen song.
For mormor løpet no var slutt,
for guten var det nett i gong.

Mormor kom i moder jord.
Himelen den var blank og klår.
Raude skyer kom i nord–
lyste fred for besta vår.

Hest og kjerre heimatt for.
Mormorplassen den var tom.
Raude skyer kom i nord,
tru besta ratt til himlen kom?

Sigurd Skår

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | juni 29, 2006  

Nykkerosa

Ja her er eg, som du vel ser,
den kvite nykkerosa.
Eg segler her i allslags ver
med stilken fast til rota.

Eg er så kvit og fin som få, og krona ligg og drøymer.
Den gule midten kan du sjå, men rota botnen gøymer.

Eg er vel ei som svana fri
som flyr til fjerne stader.
Eg heng i fedrerota mi,
og her i tjørna bader.

Så ligg eg her i solgangsbris,
og dreier litt på hatten.
Eg mellom roser vinn min pris
med rota under vatn.

Eg kan, i månelys ved natt,
brått kjenne at det rykkjer,
og blada dei vert brukt til hatt
Av alvar og av nykker.

Men helst eg ligg i solgangsbris
og dreier litt på hatten.
Eg mellom roser vinn min pris
med krona over vatn…

Sigurd Skår

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av | juni 28, 2006  

Mørketid

I dag er det tungt å koma i gong.
Heilt dårleg med prat,
og uråd med song.

Ja, dagen er kort,
og natta er lang,
du kan kje bli glad
med vilje og tvang.

Det finst vel eit ljos
som lyser ein stad,
så finn det og du
kan atter bli glad.

Sigurd Skår

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Eldre innlegg »

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00